Framleis nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 12 var fyllingsgraden i norske magasin 35,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar, mot 1,9 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 41,1 prosent, og minimumverdien 19,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 46,3 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 26,6 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 39,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 12, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.