Nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 11 var fyllingsgraden i norske magasin 37,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,9 prosenteiningar, mot 3,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 43,0 prosent, og minimumverdien 20,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 48,2 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1)
hadde lågast fylling med 29,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 40,9
prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.