Auka nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgraden i norske magasin 39,8 prosent

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,0 prosenteiningar, mot 2,7 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 45,0 prosent, og minimumverdien 22,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 49,4 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 31,5 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 42,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.