Nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgraden i norske magasin 63,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,5 prosenteiningar, mot ein auke på 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 68,8 prosent, og minimumsverdien 42,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 69,1 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 60,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 62,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 1, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.