Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 9 var fyllingsgraden i norske magasin 54,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,6 prosenteiningar mot 3,4 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 47,5 prosent, og maksimum 60,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 59,5 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 48,6 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 57,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 9, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.