Litt over halvfulle magasin. Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgraden i norske magasin 50,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,7 prosenteiningar mot 3,6 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 44,8 prosent, og maksimum 58,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 55,9 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 44,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 54,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.