Fyllingsgraden over 60 prosent. Ved utgangen av veke 24 var fyllingsgraden i norske magasin 62,3 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 2,6 prosenteiningar mot 4,0 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 56,8 prosent, og maksimum 79,1 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 65,2 prosent, mens Vest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 60,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 60,4 prosent.