Auke i magasinfyllinga.

Snøsmelting gjorde at magasinfyllinga gjekk opp med 6 prosentpoeng i førre veke. Dette er fjerde veke på rad med auke i magasinfyllinga, noko som viser at fyllingssesongen er godt i gang. Ved starten av året låg vi 10 prosentpoeng over median og høgare enn historisk maksimum. Gjennom vinteren har fyllingsgraden i vassmagasina nærma seg median.

Det høge tilsiget frå snøsmeltinga gav lite utslag på kraftprisane i førre veke. I Sør-Noreg var dei uendra frå veka før, medan snittprisen for veka gjekk noko ned i Midt- og Nord-Noreg. Prisane i landet vart dermed likare.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21 her. (PDF)