Ressursgrunnlaget i Noreg tilbake til normalen.

Det var høg vasskraftproduksjon i veke 9, og fyllingsgraden gjekk ned med 3,6 prosenteiningar.  Det er no 5,5 TWh med lagra vatn over normalen i vassmagasina. Samstundes har det kome noko mindre snø i fjellet enn normalt til no i år. Energiunderskotet i snømagasinet, medrekna grunn- og markvatn er i same storleik som overskotet i vassmagasina. Såleis er ressursgrunnlaget i Noreg tilbake til normalen for årstida.

I veke 9 gjekk kraftprisane i Norden svakt opp, grunna noko lågare vindkraftproduksjon. Det var prisutjamning i 93 prosent av tida mellom dei norske elspotområda.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 her. (PDF)

Vêr og hydrologi

I veke 9 kom det mest nedbør på Austlandet og Sørlandet med  40 -  60 mm. Elles i landet kom det 10 – 20 mm. I løpet av veka kom det 2,0 TWh nedbørenergi, eller 70 prosent av normalen. Sum nedbørenergi til no i år er 26,0 TWh eller 5,2 TWh mindre enn normalen. I veke 10 er det venta nedbør i heile landet, mest frå Vestlandet og nordover til Finnmark med 40 - 80 mm. Prognosert nedbørenergi for veka er 2,0 TWh som er 70 prosent av normalen.

I veke 9 var temperaturen 1 – 2 grader over normalen i Sør-Noreg og 3 - 4 grader over normalen i Nord-Noreg. I veke 10 er det venta temperaturar som opp mot 2 grader over normalen på Aust- og Sørlandet, 0 – 1 grad over normalen på Vestlandet og i Trøndelag, mens i Nord-Noreg vil temperaturen ligge på 2 – 3 grader over normalen.

Det kom mest snø i på Sør- og Austlandet i veke 9. Etter våre berekningar er det i sum for magasinområda om lag 43,TWh eller 90 prosent av normale snømengder for årstida, men det er store lokale skilnader. For fleire detaljar om snø, vêr og vatn, sjå www.xgeo.no.

Berekna tilsig for veke 9 er 0,6 TWh, som er normalen. Sum tilsig til no i år er 8 TWh, eller 0,5 TWh mindre enn normalen. Prognosert tilsig for veke 10 er 0,3 TWh, som er 60 prosent av normalen.