Lågare forbruk og meir eksport.

Trass i lågare temperaturar i store delar av landet i veke 8, gjekk norsk forbruk ned samanlikna med veka før. Ferieavvikling kan ha medverka til dette. Samstundes vart det ein reduksjon i svensk og dansk vindkraftproduksjon. Dette medverka til ein auke i norsk vasskraftproduksjon. Til saman førte dette til at norsk nettoeksport auka med 160 GWh.

Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Noreg var nokså uendra frå veke 7. Terminprisane i Norden gjekk opp, blant anna på grunn av tørrare varslar dei neste vekene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 8 her. (PDF)