Svak auke i norsk forbruk og høgare prisar.

Høgare forbruk i Noreg bidrog til ein svak auke i norsk vasskraftproduksjon samanlikna med førre veke. Tidvis kaldt vêr i kombinasjon med låg vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark medverka til høgare prisar i visse periodar. Dette bidrog til at kraftprisane i dei norske elspotområdane vart omtrent 1,5 øre/kWh høgare i snitt enn i uke 6.

Ein ny kabel mellom Sør-Sverige (SE4) og Litauen, Nordbalt, vart sette i kommersiell drift på torsdagen. Kabelen har ein overføringskapasitet på 700 MW og kraftflyten har gått frå Sverige til Litauen sidan idriftsetjing.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 her. (PDF)