Oppgang i norsk vasskraftproduksjon.

Trass i nokre vindfulle dagar i starten av veka, vart den nordiske vindkraftproduksjonen omtrent halvert frå veke 5 til veke 6. Produksjonsnedgangen i Danmark og Sør-Sverige bidrog til å heve det nordiske prisnivået, og til at norsk vasskraftproduksjon gjekk opp med 11 prosent samanlikna med veka før. Etter å ha vore nettoimportør av kraft i to veker på rad, gjekk den norske nettoeksporten opp med 306 GWh i førre veke.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 her. (PDF)