God nordisk ressurssituasjon.

Den norske magasinfyllinga låg over sitt historiske maksimum for veka ved utgangen av 2015. Totalt for året kom det 31,7 TWh meir nedbør og 23 TWh meir tilsig enn normalt i Norge. Ressurssituasjonen har òg vore god i resten av Norden gjennom store deler av året, noko som reflekterast i kraftprisane.

I løpet av veke 53 sank temperaturane, noko som bidrog til auka kraftforbruk i alle dei nordiske landa. Kaldare vêr medverka dermed til at kraftprisane i Norden gjekk opp med 30-70 prosent den siste veka av året.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 52 og 53 her. (PDF)