Låge prisar i den norske kraftmarknaden

Ressurssituasjonen i Noreg er særdeles god for årstida. Magasinfyllinga ligg over historisk maksimum (1982-2014) for landet som heilhet, og førre veke var tilsiget til norske magasin på nær 250 prosent av normalen. Dette bidreg til å halde kraftprisane låge, og førre veke låg dei norske kraftprisane mellom 30 og 40 kroner under nivået på same tid i fjor. Marknaden forventar fortsatt låge prisar framover. Kontrakten for andre kvartal neste år vart handla for i overkant av 140 kr/MWh ved utgangen av førre veke.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 her. (PDF)