Vått vêr og høgt tilsig.

Mildt og vått vêr bidrog til at tilsiget til dei norske vassmagasina var dobbelt så høgt som normalt i veke 50. Magasinfyllinga i Noreg har ikkje vore høgare på denne tida av året sidan 2000, og låg på 84,3 prosent ved utgangen av veka.

Trass i at vindkraftproduksjonen gjekk ned samanlikna med veka før, var det små endringar i det nordiske prisnivået frå veke 49 til veke 50. Den gode ressurssituasjonen har bidrege til at prisnivået i Norden ligg om lag 30 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 her. (PDF)