Låge kraftprisar.

Kaldt vêr gav høgt kraftforbruk dei første vekene i 2016, noko som gjorde at kraftprisane steg i januar.

Ein mildare vêrtype den siste tida har gjort at kraftprisane no er tilbake på det låge nivået ein såg hausten 2015.

I veke 5 var gjennomsnittsprisen for straum 16 øre/kWh i alle dei norske elspotområda, ein halvering av prisen frå det høgaste nivået i januar.

Kraftprisen er låg på grunn av den gode hydrologiske situasjonen i Norden. I tillegg har kostnaden for å drive fossilfyrte kraftverk gått ned i takt med reduksjonen i kol-, gass- og CO2-kvoteprisane den siste tida.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2016 her. (PDF)