Mykje regn og høgt tilsig til vassmagasin.

Mildt vêr og mykje nedbør bidrog til at ressurssituasjonen i Noreg betra seg frå veke 48 til veke 49. I Midt-Noreg gjekk magasinfyllinga opp med 3,1 prosentpoeng, og ligg no 10,8 prosentpoeng over historisk minimum for veka. Samstundes var det høg vindkraftproduksjon i Norden, noko som saman med den gunstige hydrologiske situasjonen bidrog til å trekke det nordiske prisnivået nedover sist veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 her (PDF)