Synne gav låge kraftprisar

Ekstremvêret «Synne» gav store utslag på kraftmarknaden i førre veke. Rekordmykje nedbør og høge temperaturar for årstida bidrog til at fyllingsgraden i dei norske vassmagasina gjekk opp. I Sørvest-Noreg ligg fyllingsgraden no over historisk maksimum.

Ikkje berre regna det mykje under ekstremvêret, det var òg mye vind. Det ga rekord i vindkraftproduksjonen i Sverige, aldri har det blitt produsert så mykje elektrisitet frå vindkraft i løpet ein time eller eit døgn, som førre helg. Samstundes var Sveriges største kjernekraftreaktor, Oskarshamn 3, tilbake i drift etter feil.

Til saman gav ekstremvêr og meir tilgjengeleg produksjon låge kraftprisar. Natt til søndag var kraftprisen i Sør-Noreg 3-4 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 her. (PDF)

For meir informasjon , kontakt
Seniorrådgjevar Arne Søiland, tlf: 402 10 150