Lågare kraftprisar og betra ressurssituasjon i Midt-Noreg.

Terminprisen for kraft for første kvartal 2017 har vore variabel i haust. I starten av oktober var prisen på kraftleveransar til vinteren om lag 30 øre/kWh. Utsiktar til ein strammare ressurssituasjon og ein auke i prisane på kol, gass og CO2 bidrog til at terminprisen gjekk opp med ti øre/kWh i løpet av oktober.

Dei siste vekene har kraftprisane gått ned. Det heng saman med at ressurssituasjonen har vorte noko betra og at brenselsprisane har gått ned. Fallet i terminprisen haldt fram i førre veke, og vinterkraftkontraktane ligg no på same nivå som i starten av oktober.

I Midt-Noreg har meir nedbør den siste tida bidrege til å betre ressurssituasjonen. For tre veker sidan låg magasinfyllinga 5 prosentpoeng under historisk minimum for årstida. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgraden fire prosentpoeng høgare enn miniumsverdien. Kraftprisane i Midt-Noreg er òg likare resten av Noreg enn dei var tidligare i haust. I tillegg vil den nye overføringslinja mellom Vest- og Midt-Noreg (Ørskog-Sogndal) bidra til prisutjamning mellom Sør- og Midt-Noreg. Linja vart satt i drift 6. desember.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 her (PDF)