Høgt tilsig ga mindre import og lågare prisar i Norden.

Lågare forbruk og høgt tilsig i heile Norden bidrog til mindre import frå kontinentet i førre veke.
Kraftprisane i dei fleste nordiske elspotområda gjekk dermed ned. Lågare vindkraftproduksjon og høgare tilsig reduserte prisskilnadane innad i Norden.

Magasinfyllinga i Midt-Noreg gjekk opp med 0,6 prosenteiningar. Fyllingsgraden er no over minimum.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47 her (PDF)