Strammare ressurssituasjon i Norden.

Kaldt vêr med lite vind og lågt tilsig bidrog til at den nordiske ressurssituasjonen forverra seg gjennom veke 45.

Kraftforbruket i Norden gjekk opp med 10 prosent frå veke 44 til veke 45, noe som resulterte i høgare regulert produksjon og ein kraftig oppgang nettimport frå kontinentet. Med kraftprisar opp mot 1 kr/kWh i dei knappaste timane låg prisnivået i Norden nå på nivå med våre handelspartnare i Europa.

Snittprisen i Midt-Noreg var på 45 øre/kWh sist veke, noe som reflekterer ressurssituasjonen i området. Lågare importkapasitet frå Nord-Noreg gjorde at en større del av forbruket i området måtte dekkast av lokal produksjon. Dette bidrog til en nedgang i magasinfyllinga i Midt-Noreg, som no ligg 5 prosentpoeng under historisk minimum for veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 45 her (PDF)