Kulda auka kraftforbruket i Noreg.

I førre veke var temperaturane 3 grader under normalen, noko som medverka til ein monaleg auka i norsk kraftforbruk. Den same utviklinga skjedde i Sverige og Finland. Auken i forbruket måtte dekkast av ein oppgang i  regulerbar produksjon og import. Det var netto import til Norden på alle forbindingar inn til Danmark, Sverige og Finland.

Dette medverka til auka kraftprisar i heile Norden, men oppgangen var høgast i Aust- Vest- og Sørvest-Noreg. Mindre flaskehalsar i kraftnettet var årsaka til at dei prisområda auka mest.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 her (PDF)