Lite vatn for årstida i Midt-Noreg.

Magasinfyllinga i Midt-Noreg er no nær historisk minimum (måleperiode 2002-2015). Dette medverkar til høgare kraftprisar enn i resten av landet. I enkelte timar førre veke var kraftprisen over 60 øre/kWh. I dei same timane var prisen rundt det halve i dei andre norske elspotområda. Snittprisen for veka var 36 øre/kWh i Midt-Noreg.

I tillegg til låg magasinfylling, er overføringskapasiteten redusert mellom Midt- og Nord-Noreg på grunn av oppgraderingsarbeid i nettet. Dette medverkar til at prisane blir høgare i Midt-Noreg og lågare i Nord-Noreg enn dei ville vore med full overføringskapasitet. Det er venta at overføringskapasiteten er tilbake til normalt nivå i desember. I tillegg er kraftlinja mellom Vestlandet og Midt-Noreg (Ørskog-Sogndal) planlagt i drift før jul. Desse endringane kan bidra til at kraftprisen i Midt-Noreg nærmar seg kraftprisen elles i Noreg.

Framtidsprisane på nordisk kraft steig vidare i veke 43. I laupet av oktober har prisen på kraft i første kvartal 2017 gått opp med om lag 10 øre/kWh til 38 øre/kWh. Høgare energiprisar på kontinentet og lite nedbør i Norden forklarar mykje av auken.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 43 her (PDF)