Meir kapasitet i Sør-Noreg gav likare prisar.

Feilen på Oslofjordkablane i september gjer at handelskapasiteten i Sør-Noreg i større grad heng saman med kraftunderskotet på Austlandet. Lågare forbruk og høgare produksjon reduserte kraftunderskotet på Austlandet samanlikna med veka før.

Dette medverka til høgare handelskapasitet mellom prisområda i Sør-Noreg, noko som gav likare priser.

Det er framleis uvisse kring tilgjengelegheit av fransk kjernekraft kommande vinter, noko som har ført til høgare energiprisar på kontinentet. Dette har bidrege til stigande framtidsprisar på nordisk kraft dei siste vekene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 42 her (PDF)