Kulda førte til stor oppgang i kraftforbruket.

Det vart kjøligare vêr i heile landet i førre veke, noko som medverka til ein auke i forbruket på over 200 GWh i Noreg. I Finland og Sverige var òg ein stor oppgang i kraftetterspurnaden. Dette gav høgare kraftprisar som stimulerte til auka produksjon frå vasskraft og termisk produksjon.

Samstundes falt det svært lite nedbør over Noreg i veke 40, og det er varsla like lite nedbør i inneverande veke. Saman med kulda medverka det til at kraftmarknadens forventningar om kraftpris i første kvartal neste vinter auka til 31,3 øre/kWh. Det er ein oppgang på om lag 10 prosent frå veke 39.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 her (PDF)