Ekstremvêret Tor ga store utslag i kraftmarknaden. 

Etter ein periode med kaldt vêr auka temperaturane førre veke, og førte til lågare kraftetterspurnad i heile Norden. I tillegg bidrog ekstremvêret Tor til at vindkraftproduksjonen gjekk kraftig opp i Sverige og Danmark. Til saman førte dette til ein nedgang i norsk kraftproduksjon på 30 prosent, samanlikna med veka før. Noreg gjekk dermed frå å ha ein nettoeksport på over ein halv TWh i veke 3 til å vere nettoimportør av kraft i veke 4. 

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2016 her. (PDF)