Tørt og mindre vind.

Etter ei veke med regn og ruskevêr kom sommaren tilbake førre veke med tørt og varmt vêr i Noreg. Samstundes gjekk vindkraftproduksjonen markant ned i Sverige og Danmark. Produksjonsnedgangen i dei vindkraftdominerte områda vart kompensert for av høgare produksjon i Nord-Sverige og Finland.

I tillegg gjekk Norden frå å vere nettoeksportør av kraft i veke 32 til å verte nettoimportør av kraft i veke 33.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 her