Ruskevêr bidrog til lågare kraftpriser.

Ferieslutt og kjøligare vêr bidrog til at kraftforbruket gjekk opp sist veke. Nedbøren og vinden som følgde med ruskevêret gav likevel høg uregulert kraftproduksjon, noko som trakk det nordiske prisnivået ned frå veke 31 til veke 32. Sør-Noreg hadde dei lågaste kraftprisane i førre veke med ein snittpris på i overkant av 18 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 her