Auke i vindkraftproduksjonen.

Høgare vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark samt meir nedbør enn normalt bidrog til noko lågare kraftpris i heile Norden i veke 31. Det er óg venta høgare nedbørsmengder enn normalt i inneverande veke.

Redusert overføringskapasitet mellom Aust-Noreg og Sverige bidrog til å oppretthalde prisskilnaden mellom disse områda i førre veke. Overføringskapasiteten er redusert grunna feil på oslofjordkablane. Kablane er venta tilbake i drift 15. oktober, to veker seinare enn tidligare varsla.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 her