Prisskilnader i Noreg. Fyllingsgraden i Midt-Noreg er no 11,3 prosent under median, medan han er over normalen i andre delar av landet.

Mangel på importkapasitet inn til Midt-Noreg gjorde at kraftprisen der vart høgare enn i Nord- og Sør-Noreg.

Statnett arbeida førre veke med oppgradering av linja mellom Tunnsjødal og Verdal. Det førte til at importkapasiteten inn til Midt-Noreg vart nedsett. Fram til 19. august vil kapasiteten frå Nord-Noreg og Sverige fortsett vere monaleg redusert grunna vedlikehald.

 

Vêr og hydrologi

I veke 28 kom det mest nedbør på Vestlandet og nord frå Saltfjellet med omkring 30 – 60 mm. På Vestlandet kom det lokalt opp mot 80 mm og over 120 mm. Elles i landet kom det under 20 mm. I løpet av veka kom det 1,6 TWh nedbørenergi totalt. Sum nedbørenergi hittil i år er 48,3 TWh eller 13,8 TWh mindre enn normalen. I veke 29 er det venta mest nedbør Vestlandet og deler av Midt-Noreg med 10 – 40 mm og lokalt opp mot 60 mm. Elles i landet ventes det en netto fordamping. Prognosert nedbørenergi for veka er -0,6 TWh.

 I veke 28 var temperaturen omkring som normalt for heile landet. I veke 29 er det venta temperaturar omkring 2 – 3 grader over normalen i Sør-Noreg og 0 – 2 grader over normalen i Nord-Noreg.

 I veke 28 har det vore snøsmelting i fjellet der det er snø att. Etter våre berekningar er det i sum for magasinområda ved starten av veke 29 om lag 3,7 TWh eller 50 prosent av normal snømengd for årstida. Med så lite snø igjen, er det relativ høg uvisse kring den berekna snømengda. Sannsynligvis er det mindre snø igjen enn berekna. For fleire detaljar om snø, vêr og vatn, sjå www.xgeo.no.

 Berekna tilsig for veke 28 er 3,7 TWh, eller 80 prosent av normalen. Sum tilsig hittil i år er   73,3 TWh, eller 2,9 TWh mindre enn normalt. Prognosert tilsig for veke 29 er 2,5 TWh, som er 70 prosent av normalen.

 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 her