Kjernekraft senka kraftprisane i Norden.

I veke 26 kom dei svenske kjernekraftreaktorane Oscarshamn 3 og Ringhals 4 tilbake på kraftmarknaden etter årleg vedlikehald. Dette auka produksjonen frå kjernekraft med 270 GWh i veke 27. Saman med auka vindkraftproduksjon medverka dette til 36 prosent lågare kraftpriser i Sverige.

Nedgangen i kraftpris vart lågare i Noreg, med unntak av Nord-Noreg der prisen auka 2,8 prosent.

I Midt-Noreg snudde kraftflyten frå nettoeksport til Sverige i veke 26, til nettoimport i veke 27. Årsaka var at dei svenske prisane vart lågare enn prisen i Midt-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 her