Redusert overføringskapasitet gav store prisskilnader i Norden.

Låg kjernekraftproduksjon og redusert overføringskapasitet mellom Sør-Noreg og Sverige bidrog til store prisskilnader mellom Noreg og resten av Norden sist veke.

Med kraftprisar på over 1 kr/kWh i dei knappaste timane måndag og tysdag, vart snittprisen i Sverige og Finland nesten dobbelt så høg som dei norske kraftprisane.

Ettersom kraftprisane i Midt-Noreg følgde dei svenske prisane tett i starten av veka, vart snittprisen i dette område noko høgare enn resten av landet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 her