Nedgang i terminprisane på nordisk kraft.

Kontraktane for prissikring på nordisk straum falt  7-8 prosent frå veke 24. Høgt tilsig og varsel om dobbelt så høg nedbør som normalt den neste veka har bidrege til nedgangen. Marknadens forventa kraftpris for fjerde kvartal var 23,5 øre/kWh ved slutten av veke 25.

Uvisse etter Brexit-røystinga medverka til at prisen på utslippsrettar på CO2 falt med 13 prosent.

Fredag på førre veke inntraff ein feil på ein kabel over Oslofjorden. Statnett meldte at feilen vil avgrense eksporten frå Aust-Noreg til Sverige til 900 MW fram til 30. september.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 her