Høgt tilsig og produksjon.

Snøsmelting ga mykje tilsig og stor auke i magasinfyllinga i førre veke. Det førte til høg kraftproduksjon og ein uvanleg stor nettoeksport.

Kraftprisane i gjekk ned i Sør-Noreg og opp i Midt-Noreg, som hadde dei same prisane som Sverige i mange timar. Revisjonar i overføringsnettet ga lågare importkapasitet til Midt-Noreg, noko som bidrog til prisforskjellen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 her. (PDF)