Kulda gav høgare kraftprisar.

Det var låge temperaturar i heile Norden i veke 2. Det førte til høg kraftetterspurnad i dei nordiske landa. Samtidig var vindkraftproduksjonen låg, særleg i Danmark. Saman medverka dette til høg norsk kraftproduksjon på 4,1 TWh i veke 2.

Ifølge dei tal NVE har tilgang på har det aldri vore produsert meir kraft i løpet av ei veke.

Kulda og låg vindkraftproduksjon gav effektprising i Aust-Noreg, Sør-Sverige (SE3, SE4), Finland og Danmark. I syv topplasttimer onsdag og torsdag førre veke vart kraftprisen over 100 øre/kWh. Den høge kraftprisen spreidde seg til Aust-Noreg i fordi det var tilstrekkelig overføringskapasitet til å jamne ut prisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 2 2016 her. (PDF)