Lågare nordisk kjernekraftproduksjon.

Den nordiske kjernekraftproduksjonen gjekk ned sist veke etter at to store reaktorar, Forsmark 2 (1120 MW) og  Olkiluoto 2 (880 MW), vart tatt ut til vedlikehald den 8.mai. Produksjonsnedgangen i Sverige og Finland bidrog til å heve det nordiske prisnivået.

Høg snøsmelting, kombinert med lågare kraftproduksjon i dei andre nordiske landa, bidrog til at norsk vasskraftproduksjon gjekk opp 10 prosent frå veke 18 til veke 19. Samstundes gjekk det norske kraftforbruket ned, noko som til saman resulterte i at norsk nettoeksport gjekk opp med om lag 300 GWh samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 19 her. (PDF)