Høgare kraftprisar og lågare vindkraftproduksjon.

Kraftprisen var 10 prosent høgare i veke 17 enn veka før i dei fleste nordiske elspotområda. Prisauken kan forklaras med ein nedgang i vindkraftproduksjonen, samstundes som kraftforbruket i Norden var uendra. For Noregs del betydde dette ein auke i vasskraftproduksjonen og at det igjen var nettoeksport av kraft.

Prisen på utsleppsrettar for CO2 varierte mykje førre veke, men 2017-kontrakten enda på 57 kroner/tonn. Dette er høgare enn botnnivået frå tidligare i vinter, men 20 kroner lågare enn kva utsleppsrettar kosta ved starten av året.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17 her. (PDF)