Vårbesøk av kong vinter.

Norsk kraftproduksjon gjekk ned med 14 prosent førre veke, samanlikna med veke 15. Lågare temperaturar i Sør-Noreg førte til at noko av nedbøren falt som snø, slik at snømagasina auka og tilsiget til norske magasin låg under normalen for veka.

Samstundes bidrog høgare vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige til å dempe behovet for norsk vasskraft.

Til saman førte dette til at Noreg hadde nettoimport av kraft for tredje gang i år. Dei to andre tilfella var i samanheng med ekstremvêret Tor i månadsskiftet Januar-Februar. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 her. (PDF)