Noko høgare terminprisar.

I starten av veke 13 var det mildt vêr, påske og mykje vindkraft, noko som bidrog til låge kraftprisar. I Tyskland og dei danske prisområda vart det negative prisar. Mot midten av veka snudde vêret, og prisane gjekk opp. I sum for veka vart det elles små endringar i prisar og kraftbalanser samanlikna med veka før.

Etter ein lengre periode med nedgang i framtidsprisane på nordisk kraft, har prisane tatt seg noko opp den siste månaden. Hittil i år har det komme om lag 9 TWh mindre nedbørsenergi enn normalt, noko som kan ha medverka til oppgangen i framtidsprisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 her. (PDF)