Påskemodus i kraftmarknaden.

Trass i lågare temperaturar, gjekk den nordiske kraftetterspurnaden ned i påskeveka. Samstundes var det en oppgang i dansk vindkraftproduksjon, noko som til saman bidrog til at det nordiske prisnivået gjekk ned frå veke 11 til veke 12. Sett bort i frå Finland, som hadde relativt høge prisar i starten av veka, låg prisen rundt 19 øre/kWh i alle dei andre nordiske områda.

Ein teknisk feil resulterte i at den nye overføringskabelen mellom Sverige og Litauen vart tatt ut av drift den 18.mars. Kabelen var tilbake i drift onsdag 30.mars.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 her. (PDF)