Lågare prisar i heile Norden.

Etterspurnaden etter kraft gjekk ned i heile Norden frå veke 10 til veke 11. Nedgangen var størst i Noreg, noko som har samanheng med høgare temperaturar i store delar av landet.

Lågare etterspurnad etter kraft og noko høgare vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige bidrog til ein reduksjon i prisane i alle dei nordiske landa. Snittprisane i Norden låg i førre veke mellom 19,5 øre/kWh i Nord-Noreg og 25,0 øre/kWh i Finland. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 her. (PDF)