Låg vindkraftproduksjon og auke i kraftprisen.

Det var uvanleg låg vindkraftproduksjon i førre veke, noko som gjorde at kraftproduksjonen i Norden gjekk ned. Høgare temperaturar drog samtidig forbruket ned, slik at nettoeksporten av kraft frå Norden var omtrent uendra frå veka før.

Kraftprisane gjekk opp med rundt 10 prosent i Noreg, Sverige og Danmark. Auken heng saman med den låge vindkraftproduksjonen. I tillegg har mindre nedbør enn normalt gjort at den hydrologiske situasjonen er knappare no enn tidligare i vinter. Dette bidreg òg til at kraftprisane går opp.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 her. (PDF)