Rekordhøg straumproduksjon.

Straumproduksjonen i Noreg har aldri før vore høgare enn onsdag 6. januar mellom kl. 19 og 20. Det blei i denne timen produsert 26 766 MWh. Høgt nordisk forbruk i tillegg til høg eksport ut av Norden var årsaka til produksjonsrekorden.

Det var i midten av førre veke svært høge kraftprisar i store deler av Noreg og Norden. Prisen var i to timar på torsdag 96,3 øre/kWh som er den høgaste i Noreg sidan 2012. Låge temperaturar i heile Norden og låg produksjon frå vindkraft bidrog til dei høge prisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2016 her. (PDF)