Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 23.04.2020 , sist oppdatert 24.04.2020

Kommunar kan få tilskott til å kartlegge kritiske punkt for overfløyming

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev tilskott til kommunar for å kartlegge kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag. Viss ikkje din kommune har gjennomført ei slik kartlegging kan de søkje om tilskott i 2020. Maksimalt søknadsbeløp pr. kommune er 200 000 kr.

Kritiske punkt forverrar flaumsituasjoner

Intense nedbørsituasjonar fører ofte til vatn på avvegar, noko som ofte resulterar i store skadar. Kritiske punkt, som bruer og kulvertar forverrar ofte situasjonen. Det er viktig å kjenne til kvar dei kritiske punkta er lokalisert slik at ein kan gjere tiltak for å redusere skadane.

Kommunen kan søkje om tilskott til kartlegging

Viss ikkje din kommune har gjennomført ei slik kartlegging kan de søkje om tilskott i 2020. Maksimalt søknadsbeløp pr. kommune er 200 000 kr. Vi handsamar søknadane fortløpande.

Tilskottet skal gå til å:

  • Identifisere opne og lukka bekker og bratte vassdrag
  • Identifisere og dokumentere kritiske punkt, både tekniske inngrep og naturgitte forhold
  • Vurdere kva område langs bekker og bratte vassdrag som kan vere utsette for overfløyming
  • Identifisere skadereduserande tiltak


Søk om tilskott her

Les om tilskottsordninga og finn søknadskjema her:

https://www.nve.no/flaum-og-skred/kartlegging/flaum/tilskudd-til-kartlegging-av-kritiske-punkt-i-bekker-og-bratte-vassdrag/

Definisjoner - kritiske punkt
Tekniske inngrep: bruer, kulvertar, stikkrenner, lukka bekker og andre inngrep som innsnevrar bekkeløpet/vassdraget slik at kapasiteten vert redusert.

Naturgitte forhold: innsnevring av bekke- /elveløp, erosjonsutsette punkt og strekningar, grunne parti pga. masseavlagring, bekkeløp som ligg høgare enn terrenget på sidene (t.d. bekkevifter) og vegetasjon i og nær bekke- /elveløpet. I tillegg til område med is-problem. 

 

Kontaktperson

Seniorrådgjevar Olianne Eikenæs
Epost: oli@nve.no
Tlf. 950 48 262

47 kommunar har fått tilskott

Troms og Finnmark
Sørreisa

Trøndelag
Skaun
Meldal
Meråker
Oppdal

Møre og Romsdal
Sande
Ørskog
Sykkylven
Norddal

Vestland
Førde
Stryn
Bremanger
Jølster
Naustdal
Gloppen
Eid
Kvam
Fusa
Kvinnherad
Odda
Jondal
Ullensvang
Voss
Askøy
Austevoll
Nye Stad

Rogaland
Gjesdal
Sokndal

Agder
Kvinesdal
Farsund
Hægebostad
Lyngdal

Vestfold og Telemark
Svelvik
Sandefjord
Seljord
Skien
Notodden

Viken
Ål
Gjerdrum
Gol
Sigdal

Innlandet
Lillehammer
Øyer
Søndre Land
Ringebu
Gausdal
Åmot