Avbrotsstatistikken frå NVE viser at leveringspålitelegheiten frå nettselskap til kunde var tilnærma lik i 2015 som den var i 2014. 

NVE publiserer i dag Avbrotsstatistikken for 17. år på rad. Rapporten inneheld informasjon for heile landet og samanstillingar mellom ulike fylke, spenningsnivå og sluttbrukergrupper, så vel som detaljerte data per nettselskap.

Rapporten utfyller avbrotsdata publisert av NVE tidligare i år, og vil være interessant for nettselskap og brukarar av nettet.

Avbrotsstatistikken 2015 er utarbeidd på grunnlag av data frå 123 rapporteringspliktige nettselskap og ca. 2,95 millionar sluttbrukarar. Samla levert energi til sluttbrukarane var ca. 116 TWh.

2015 var eit tilnærma normalt år, men med unormalt mange avbrot med årsak i vind, da spesielt Hordaland, Nordland og Troms som vart treft av stormar tidlig i 2015. Kvar sluttbrukar opplevde i snitt 0,3 varsla langvarige avbrot og 1,8 ikkje varsla langvarige avbrot. Kvart langvarige avbrot varte i snitt 1 time og 24 minuttar. I tillegg opplevde kvar sluttbrukar 1,9 kortvarige avbrot, som varar mindre enn 3 minuttar.

Ikkje levert energi i 2015 var totalt 21 GWh, som gir ein leveringspålitelegheit på 99,982 %, ned frå 99,985 % i 2014.

 

Les rapporten her

Kontaktpersonar:
Avdelingsingeniør Håvard Hansen, tlf 22 95 91 69
Seksjonssjef Torfinn Jonassen, tlf 952 24 548