Publisert 29.04.2016

Tilrår løyve til bygging av Offerdal kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje og drive Offerdal kraftverk i Ytre- og Indre Offerdalselvi, med tilhøyrande nettilknyting via luftleidning til Naddvik, i Årdal kommune, Sogn og Fjordane.

I den samla vurderinga legg NVE vekt på at kraftverket vil produsere om lag 94,6 GWh kraft i året, noko som svarar til straumforbruket til 4730 husstandar. Ei utbygging vil såleis kunne gje eit betydeleg bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi.

NVEs tilråding legg til grunn utbygging etter alternativ 1 med planendring, som inneber overføring av Ytre Offerdalselvi til Indre Offerdalselvi og bygging av to kraftstasjonar med ei samla effekt på om lag 47 MW. Kraftstasjonane vil få inntak ca. 800 meter over havet i Ytre Offerdalselvi, og ca. 400 meter over havet i Indre Offerdalselvi. Kraftverket skal knytast til straumnettet via ein om lag 9 kilometer lang 132 kV kraftleidning. Leidningen vil krysse Årdalsfjorden i luftspenn og vil bli ført vidare som luftleidning og jordkabel på sørsida av fjorden frå Jensehamn fram til Naddvik transformatorstasjon.

Mogelege konsekvensar i driftsfasen er knytt til redusert vassføring på elvestrekningane som skal regulerast og fysiske inngrep i vassdragsnaturen. Ålmenne interesser som i ulik grad vil bli påverka er kulturmiljø, naturmangfald, landskap og reiseliv. Fleire høyringsinstansar har peikt på dei negative verknadene for anlegget «Ne fø’ sjøen» i Indre Offerdal. Mange er òg kritiske til landskapsverknadene av den planlagde kraftleidningen, og konsekvensar for luftfart av fjordspennet. I anleggsfasen er verknadene avgrensa til midlertidig forureining, uroing av dyrelivet og ulemper for dei som bur i nærleiken av tiltaksområdet.

For å redusere dei negative verknadene er det foreslått avbøtande tiltak. Dette er  til dømes slepp av minstevassføring heile året og god miljøtilpassing av dei ulike inngrepa. I detaljplanfasen skal det gjerast ei nærare vurdering av behovet for restriksjonar på anleggsarbeidet av omsyn til villrein, i tillegg til tiltak for å redusere støy frå kraftverket. NVE tilrår at kraftleidningen skal leggjast som jordkabel dei siste to kilometrane inn til Naddvik transformatorstasjon for å redusere verknadane for kulturmiljøet i Vikadalen. NVE legg til grunn at fjordspennet på leidningen skal merkast etter gjeldande lover og reglar for luftfartshinder.

NVE meiner utbygging av Offerdal kraftverk i det anbefalte alternativet med tilhøyrande nettilknyting, og på dei vilkår som er foreslått, er akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Offerdal kraftverk.

 

Sjå dokument i saka her

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206

Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 901 93 008