NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje HLK Produksjon AS nye konsesjonsvilkår for Skoddebergvatn reguleringsmagasin i Skoddebergvassdraget i Skånland kommune i Troms fylke.

På bakgrunn av krav frå Skånland kommune, hytteeigarar og jeger-, fiske- og friluftsinteresser, har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Skoddebergvatn reguleringsmagasin.

NVE rår til at det blir gjeve nye oppdaterte konsesjonsvilkår for magasinet, som mellom anna vil gje heimel for å krevje tiltak mot erosjon langs kantane av vatnet.

NVE tilrår ikkje minstevasstand i Skoddebergvatn i sommarhalvåret, da dette vil kunne auke faren for høge flomvasstander og erosjon. NVE tilrår heller ikkje slipp av minstevassføring i Tømmerelva, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Skoddebergvatn.