NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje BKK Produksjon AS løyve til å overføre vatn frå Vossadalsvatn i Øystesevassdraget til Svartavatn i Samnangervassdraget, og til å gje Øystese Kraft AS løyve til å byggje det reduserte alternativet for Øystese kraftverk i Øystesevassdraget, i Kvam herad i Hordaland fylke.

NVE meiner at utbyggingane er viktige bidrag til fornybar kraftproduksjon, og at dei har avgrensa miljøeffektar. Samla årleg produksjon for båe prosjekta blir 83 GWh, noko som svarer til straumbruken til 4150 husstandar.

NVE tilrår at det blir gjeve løyve til overføring av vatn frå Vossadalsvatn i Øystesevassdraget til Svartavatn reguleringsmagasin. Vatnet vil nyttast til å produsere regulerbar kraft i kraftverka i Samnangervassdraget. Vatnet vil førast i tunell frå Vossadalsvatn til Søyegjelet, og renne ned til Svartavatn.

NVE tilrår og at det blir gjeve løyve til bygging av det reduserte alternativet for Øystese kraftverk. Kraftstasjonen skal byggjast i fjell vest for munninga av Øystesegjelet. Vatnet vil førast i tunell frå inntaksdam nokre hundre meter nedstrøms Fitjadalsvatn, og kjem ut i Øysteseelva ved Laksehølen. I tillegg tilrår NVE at kraftverket blir kopla til kraftnettet via ein 400 m lang nedgraven jordkabel.

Dei planlagde utbyggingane vil redusere vassføringa i Øysteseelva. Men med innføring av tilstrekkeleg minstevassføring, og med god planlegging og oppfølging av anlegga i byggjetida, vil skadeverknadane for miljø og landskap vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene.

Les meir om overføring frå Vossadalsvatn til Svartavatn.

Les meir Øystese kaftverk.