NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Ballangen Energi AS (BEAS) løyve til fortsatt regulering av  Hjertvatn, overføring av vatn frå Røvatn til Hjertvatn og bygging av Røvatn småkraftverk i Ballangen kommune i Nordland.

NVE meiner at utbyggingane er nyttig bidrag til fornybar kraftproduksjon, med akseptable konsekvensar for miljøet. Samla årleg produksjon etter utbygging blir 32,5 GWh, der 20,5 GWh er regulérbar kraft. Den samla årlege produksjonen svarer til straumbruken til 1625 husstandar.

NVE tilrår at det blir gjeve løyve til å fornye reguleringa av Hjertvatn, med nye reguleringsgrenser. NVE tilrår ei reguleringshøgde på 10,3 m, mot dagens 15,3 m. Høgste regulerte vasstand vil verte den same som i dag.

NVE rår og til at det blir gjeve løyve til å overføre Røvasselva til Hjertvatn, og til å byggje Røvatn småkraftverk på strekninga. Vatnet vil førast i tunell frå inntaksdam like nedstrøms utløpet av Røvatn, og det kjem ut i sørenden av Hjertvatn. Kraftstasjonen skal byggjast i fjell i sørenden av Hjertvatn, og kopla til kraftnettet via kabel lagt i Hjertvatn.

Dei planlagde utbyggingane vil redusere vassføringa i Røvasselva, Skårvasselva og Melkevasselva. NVE tilrår ei minstevannføring i Røvasselva på 200 l/s, for å bøte på ulempene for miljø og landskap.

NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene.

Les meir om Hjertvatn og overføring av Røvasselva.