NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til å bygge Stjernevatn kraftverk og å regulere Stjernevatn i Alta kommune. NVE gjev også løyve til å bygge Korselva kraftverk i Kvalsund kommune, medan Kjerringelva kraftverk i Alta kommune får avslag. Alle prosjekta ligg i Finnmark.

Tilråding til Stjernevatn kraftverk
Finnmark Kraft AS er søkjar for Stjernevatn kraftverk, som vil gje om lag 8 GWh ny fornybar energi. Dette svarar til straumbruken til 400 husstandar. Ei utbygging vil gje eit positivt bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi.

NVE si tilråding gjeld ei utbygging med inntak i Stjernevatn og avlaup i Lerresfjorden, og løyve til å regulere Stjernevatn med 2 meter.

Mulege negative konsekvensar er hovudsakeleg knytt til naturmangfald, landskap og reindrift. For å redusere dei negative verknadane har NVE sett krav om avbøtande tiltak, som mellom anna minstevassføring med avgrensa reguleringshøgd om sommaren. 

Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn ulempene, slik at kravet i vassdragsreguleringslova og vassressurslova er oppfylt.  Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Stjernevatn kraftverk.

Løyve til Korselva kraftverk
NVE gjev Finnmark Kraft AS løyve til å bygge Korselva kraftverk. Kraftverket vil gjere nytte av fallet mellom 225 moh og 69 moh, og få ein årleg produksjon på om lag 25 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 1250 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Korselva kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, er omsynet til reindrift, landskap og naturmangfald. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal vere ei heilårleg minstevassføring i Korselva, at det skal installerast ein omlaupsventil og at anleggsperioden skal tilpassas reindriftas bruk av området.

Ikkje løyve til Kjerringelva kraftverk
NVE gjev ikkje Alta Kraftlag SA løyve til å byggje Kjerringelva kraftverk. Kjerringelva kraftverk var planlagd med ein forventa årleg produksjon på 6,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 320 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville hatt store negative følger for landskap og reindrift. NVE vurderer at skader og ulemper for private og allmenne interesser er større enn nytten av tiltaket, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kjerringelva kraftverk.

Les meir om Stjernevatn kraftverk

Les meir om Korselva kraftverk

Les meir om Kjerringelva kraftverk